DAT gir Stord eit eige flyselskap

Danish Air Transport, flyselskapet som har floge på ruta Stord–Oslo sidan 2009, startar eit omfattande samarbeid med næringslivet i Sunnhordland om den svært viktige flyruta. Samarbeidet får namnet Stordflyet.no og startar offisielt 17. november 2014.

“Flysambandet frå Stord er ein svært viktig del av den totale infrastrukturen. Det sikrar at det finst eit raskt og direkte samband til og frå Stord. Vi vil gjerne signalere at vi tek dette ansvaret på alvor. Derfor har vi no vald å etablere Stordflyet.no, som både har sitt heilt eige tingingssystem, ei eiga heimesida, eiga Facebook-side og sitt heilt eige fly. Det er ein ny måte å jobbe med lokale flyruter på”, seier Jesper Rungholm, CEO i Stordflyet.no/DAT.

Ideen er at DAT vil styrkje samarbeidet mellom bedrifter i Sunnhordland, gjere det enklare for dei lokale bedriftene å gjere seg nytte av flyruta og enklare å formidle bodskapen til kundar og forbrukarar.

“Sidan ruta starta opp i 2009, har det vore etablert eit lokalt billettkontor på Stord lufthamn. Vi er i ein utviklande dialog med fleire interessentar og aktørar om ruta. Vi har eit klart ønske om at DAT og Stordflyet.no skal vere Sunnhordland sitt eige flyselskap. Vi er opne for alle med ei konstruktiv innstilling til utviklinga av ruta, og vi går svært gjerne inn i samarbeid som kan styrkje formidlinga og veksten i Sunnhordland”, held Jesper Rungholm fram.

Alt i mars 2014 blei det oppretta eit Brukarråd, med Gro Jensen Gjerde som leiar. Ho fortel at Brukarrådet gir lokalbefolkninga høve til å påverke det lokale flyselskapet for å få så gode avgangar som mogleg, både når det gjeld avgangstidene og talet på avgangar, og best mogleg rabattordningar.

“Filosofien til Stordflyet.no/DAT er å skape lokal forankring og ta endå større ansvar for det viktige sambandet som flyruta utgjer. Dermed treng vi innspel frå brukarane, og derfor etablerte vi Brukarrådet. Det fungerer som eit uavhengig talerøyr for næringslivet i Sunnhordland, for pendlarar og private. Heilt frå det første møtet har det gitt oss verdifull sparring”, fortel Jesper Rungholm.

Det neste møtet i Brukarrådet blir halde mars, og her skal mellom anna sommarprogrammet for 2015 drøftast. “Fastlegginga av sommarprogrammet er eit godt døme på korleis samarbeidet med Brukarrådet vil gå føre seg. Før møtet har medlemmene av rådet teke imot utspelet vårt. På møtet skal det drøftast korleis ein best mogleg kan setje saman eit ruteprogram slik at både frekvens, avgangstider og økonomi passar for flest mogleg passasjerar”, seier Jesper Rungholm.

På Stord lufthamn er det stor begeistring for Danish Air Transport sitt tiltak med Stordflyet.no: “Vi har store forventningar til Stordflyet.no, og det er flott at DAT gjer ein innsats for å styrkje ruta mellom Stord og Oslo. Og med nye tilbod til privatreisande og auka frekvens kan vi berre oppmode om at fleire bruker ruta frå Stord til Oslo”, uttalar Jan Morten Myklebust, flyplassjef på Stord lufthamn.

“I 2012 starta DAT på ruta mellom Bornholm og København, og kort etter etablerte vi Bornholmerflyet.dk. Vi har hatt stor suksess med denne ruta, og i dag vil vi påstå at vi er bornholmarane sitt lokale flyselskap”, avsluttar Jesper Rungholm.

Stordflyet.no går på vengene måndag 17. november. Flyet som DAT har sett inn på ruta, blir tydeleg prega av dei nye tiltaka. Det er dekorert med tittelen “Stordflyet.no”, så ingen vil nok vere i tvil om kor det høyrer heime. Dermed har sunnhordlendingene faktisk fått eit fly som dei kan kalle sitt heilt eige.