Billige billettar og fleire avgangar på ruta Stord–Oslo

Stordflyet.no har gode nyhende. Vi lanserer billige billettar til både enkeltreisande og familiar på ruta mellom Stord og Oslo.

“Vi vil sjølvsagt gjerne få ein god start på Stordflyet.no, og med den nye billettypen frå 499 kr håpar vi å ha skreddarsydd produkt til dei privatreisande”, fortel Jesper Rungholm, CEO i DAT.

“Vi tilbyr denne nye billettypen fordi vi trur at han òg dekkjer eit behov for mange familiar. Vi får jamleg førespurnader frå kundar som gjerne vil ta fly frå Stord, men som synest prisen blir for høg”, seier Rungholm og held fram: “Det vil vere ei fast mengd billige billetter på utvalde avgangar, så det er om å gjere å vere ‘først til mølla’.”

Også flyplassjefen på Stord lufthamn, Jan Morten Myklebust, er nøgd med den nye billige billettypen: “Dette er verkeleg godt nytt, og vi håpar at det kan bidra til at endå fleire privatreisande vil bruke ruta. Lufthamna tilbyr gratis parkering, frukost på morgonruter og kaffi/te til alle reisande.”

Gro Jensen Gjerde, som er leiar for Brukarrådet, er like begeistra: “Vi er svært positive når det gjeld samarbeidet med Stordflyet.no/DAT, og dei nye billettprisane er også eit godt tiltak overfor dei privatreisande. Å ta fly til og frå Stord tek mindre tid, og dermed blir reisa enklare for oss som bur i regionen.”

“Frå 1. desember har Stordflyet.no 32 avgangar kvar veke. Vi har hatt ein god dialog med Brukarrådet om behov og moglegheiter, og på bakgrunn av dette bestemte vi oss for å setje inn 3 ekstra avgangar i veka frå høvesvis Stord og Oslo”, avsluttar Jesper Rungholm.

Dei billige billettane kan kjøpast på www.stordflyet.no og vil vere til sals på utvalde avgangar.

Reglar for billige billettar

• Prisar frå kr 499 per person for enkeltbillettar (ein veg)

• Det må tingast tur-/returbillettar

• Gjeld berre på utvalde avgangar

• Vi tek atterhald om utselde avgangar

• Billettane kan endrast etter tinging mot eit gebyr

• Ved avbestilling er det berre skattar og avgifter som blir refunderte