Stordflyet.no/DAT har inngått interline-avtale med SAS

Folk som reiser med Stordflyet.no/DAT, kan no kjøpe billettar frå Stord og direkte vidare til SAS sine destinasjonar fra midten av januar 2015.

Hittil har Stordflyet.no/DAT berre floge det som på fagspråket heiter point-to-point, der billetten berre gjeld for den ruta selskapet flyg på.

”Stordflyet.no/DAT har inngått interline-avtale med SAS, og dermed får kundane no heilt nye moglegheiter. Det er etter ønske frå særleg næringslivet at Stordflyet.no/DAT har søkt om og fått i stand avtalen med SAS,” fortel Jesper Rungholm, CEO i Stordflyet.no/DAT.

Det vil seie at passasjerane kan kjøpe billettar frå dei destinasjonane Stordflyet.no/DAT flyg til, og direkte vidare til andre destinasjonar med SAS.
”Det er snakk om ein full interline-avtale med billettsamarbeid, gjennomgangsprisar, bagasjeinnsjekking for heile reisa, hjelp ved driftsfeil og ufrivillige overnattingar og full service til barn som reiser åleine (UM),” informerer Jesper Rungholm.

Jan Morten Myklebust, flyplassjefen på Stord lufthamn, avsluttar:
”No blir Stord og Sunnhordland i endå høgare grad knytte saman med resten av verda, så vi er svært nøgde med at Stordflyet.no/DAT har klart å få denne interline-avtalen på plass.”