Stordflyet.no/DAT støttar lokalidretten

Ein av filosofiane til Stordflyet.no/DAT er at det er viktig å vere forankra i lokalsamfunnet. Derfor støttar vi mellom anna to lokale idrettsklubbar, Stord Handball og Sunnhordland Toppfotball AS.

Stord Handball og Sunnhordland Toppfotball AS har stor glede av sponsoravtalane til Stordflyet.no/DAT. Begge klubbane nyttar sponsorbillettar når nokon av spelarane deira reiser mellom Stord og Oslo.

“Vi vil gjerne vere synlege i lokalsamfunnet og synest det er viktig å støtte idretten, som har mykje å seie for mange menneske, og der svært mange frivillige gjer ein stor innsats”, fortel Jesper Rungholm, CEO i Stordflyet.no/DAT.

To gonger i året har Stordflyet.no/DAT ein søkjerunde for sponsoravtalar. Sponsoravtalane er ofte knytte til idrett og kultur og gir mottakarane flybillettar på ruta Stord–Oslo. Alle interesserete kan søkje her