Finn reisa di

    • + Reise med barn

Fly frå Oslo til Stord

Stordflyet flyr direkte mellom hovudstaden Oslo og det naturskjønne Stord i Sunnhordland, og det tek berre 1 time å koma fram.

Når du reiser med Stordflyet kan du vera sikker på at di tid er viktig for oss. Derfor har vi og gjort alt vi kan for å gjera reisa di frå Oslo til Stord så komfortabel som råd. Vårt crew serverar alltid fersk kaffi, te og vatn om bord og det er alt saman inkludert i din billett når du flyr frå Oslo til Stord.

Sjølv om det kan vera ein dyr fornøyelse å reisa på ferie, passar vi på at båe studentar og pensjonistar kan ha råd til reisa. Med rabatt på billettar til seniorar og studerande på fly til Stord har ein og råd til opplevingar i Sunnhordland.  

FORDELAR NÅR DU FLYR FRÅ OSLO TIL STORD MED STORDFLYET

FLY FRÅ OSLO TIL STORD – DU FÅR EVENTYRLEGE OPPLEVINGAR OG MINNER DU SEINT VIL GLØYMA PÅ STORD OG I SUNNHORDLAND

Når du vitjar Stord i Sunnhordland får du alt ifrå kultur, kysthistorie, mat og friluftsliv. Så uansett om de reiser som familie, par eller aleine, så byr Stord og Sunnhordland på tallause eventyr.

Byen Stord ligg i Hordaland fylke vest i Noreg. Stord er og namnet på øya kor kommunen Stord ligg på den sørlege halvdel, og på den nordlege delen av øya ligg Fitjar kommune. Reiser ein over sund og fjord kjem ein mot aust til Tysnes og Kvinnherad. Reiser ein sørover kjem ein til Sveio, og mot vest til Bømlo. I Stord kommune bur det ca. 19.000 innbyggjarar, og kommunen har et areal på 144 km2.

FJORDCRUISE LANGFOSS – EIN AV DEI VAKRASTE FOSSANE I VERDA

Kontrastane i Åkrafjorden er store: Nakne, steile fjellveggar og frodige lier, blikkstille fjord og fossande brevatn, steinalderfunn og småkraftverk. På den veglause nordsida anar me grasgrodde stiar mellom idylliske små tun på fråflytta gardar. Gamlevegen var bygd under 2. verdskrig og vel 1000 mann var i arbeid. På ei fjellhylle 200 meter over fjorden ser me garden Bråskot som var så bratt at dei måtte tjora ungane sine, og segna fortel om kvifor kyrkja blei plassert i Åkra.

Opplevingane frå båtdekket kjem som perler på ei snor, men den mektigaste av dei alle er synet av Langfoss som eit brureslør ned fjellsida. Med sine 612 meter er fossen kåra til ein av verdas ti vakraste, og du vil forstå kvifor! Fjordcruise gir deg ei stor oppleving på ei lita stund!

KULINARISKE STORD OG SUNNHORDLAND

Eventyrleg og kulinarisk reise i sjømat-paradiset Sunnhordland. Regionen er ikkje berre Noregs største innan sjømat, men har og de beste sjømat-restaurantane med verdsmesterkokkar som Ørjan Johannessen og Geir Skeie.

Dei små kystsamfunna ligg på rekkje og rad, som perler på ei snor mellom Bergen og Stavanger. Det vert sagt at det var i Sunnhordlandsregionen at folk først busette seg i Noreg. Dette er fordi kristninga av Noreg starta nettopp her, nærare sagt på Moster på Bømlo. Før dette var det vikingane som herja vestlandsbygdene, og det finn ein mange spor etter. Det har vore mange slag langs kysten, og dette kan ein få høyra og sjå meir av spesielt på Fitjar, Bømlo og i Etne. Matopplevingane på denne strekninga er fantastiske og heilt spesielle. Ynskjer ein fersk sjømat eller lokale råvarer samansett til dei flottaste rettane i historiske omgjevnader, finn ein det her. Mange av serveringsstadane her satsar sterkt på lokale råvarer og spesialitetar, og du får verkeleg smaka regionen sitt særpreg. Vidare på turen er det verdt å vitja bygda Rosendal. Blant majestetiske fjell og fjordar er det mange flotte historiske plassar å sjå her, spesielt verd å nemna er Noreg sitt einaste Baroni. Reis vidare sørover til vikinggarden på Avaldsnes (Karmøy) og opplev meir vikinghistorie.

VIKINGSPOR I SUNNHORDLAND

Pilegrimar og turistar finn vegen til Moster gamle kyrkje som vart bygd på slutten av 1000-talet av lokal kleberstein og marmor. Like ved ligg Moster Amfi,  ei moderne amfiscene bygd i marmorgruva etter mål frå antikkens greske amfiteater.

Bakgrunnen for begge er Snorre som i sine Kongesoger skriv at Olav Tryggvason først segla til Moster då han i 995 kom tilbake til Noreg frå Russland for å krevje kongetrona. På Moster presenterte han sitt ærend, reiv gudehovet og påla folket å forlata norrøn tru til fordel for kristendomen. Der hovet stod fekk han bygd ei trekyrkje og sette den hardhendte irske presten Tangbrand til kyrkjestyrar. I 997 kom Tryggvason tilbake, då for å strame opp trulause mostringar som framleis blota til åsatruas tregudar. Mostringane hadde førebudd talar til kongen der dei krov retten til si gamle tru tilbake, men i møte med kongen miste dei taleevna og vart gjort til latter. Kongen lånte likevel øyra til folkets klagemål på den galne Tangbrand, og forviste presten til Island. Mostrakyrkja står på staden der Tryggvason bygde trekyrkja i 995, og er sagt å vera Noregs eldste kyrkjebygg. I 1024 kom ein ny vikingkonge til Moster. Denne gongen kom HeilagOlav til Mostratinget ilag med bisp Grimkjell for å setja Kristenretten.

KVA KAN EG OPPLEVA PÅ STORD?

  • Sunnhordland har samla ei liste over de ti beste vandrerutene i regionen. Her kan du finne inspirasjon til vandring langs kyst, fjell eller i skog. (https://www.visitsunnhordland.no/idear-and-inspirasjon/topp-10-vandring)
  • Sunnhordland var blant dei fyrste områda der folk busette seg i Noreg, og opp gjennom tida har området hatt ein spesiell plass i historia. Dette har gjort sitt til at Sunnhordland er mellom dei områda i landet med flest forn- og kulturminne, minne som fortel historia tusenar av år attende.
  • I ytste del av Sunnhordland finn du eit unikt kystlandskap. Her kan ein ferdast mellom øyar og holmar med det opne havet som næraste nabo. I indre del av Sunnhordland opplever ein store kontrastar til kysten. Her er bratte fjell, fjordar, bre og majestetiske fossefall. Du kan leige båt i Sunnhordland.
  • Folgefonna Nasjonalpark er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Området rundt Folgefonna er kjent for sin dramatiske og vakre natur. Med fjordar, fjell, elver, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei viktigaste reisemåla i Norge. Folgefonna er Norges sørlegaste og 3. største bre, har eit samla areal på 214 km2. Toppen av brea er 1662 m.o.h. Nasjonalparken ligg i Kvinnherad, Jondal, Ullensvang, Odda og Etne kommunar.

Finn mange fleire opplevingar på Stord og Sunnhordlandet på visitsunnhordland.no

Rejsetider til Olso Lufthavn

Lillestrøm 28 min
Drammen 1 T 11 min
Hamar 1 T 9 min
Hønefoss 1 T 2 min
Kongsvinger 1 T 2 min

TIL OG FRÅ LUFTHAMNA MED BUSS ELLER TAXI

Oslo Lufthavn Gardermoen kan ein tinga parkering heimanfrå. Vidare har Oslos lufthamn gode forbindelsar til både tog, bus og taxi. Finn all relevant informasjon her

FLEKSIBEL BOOKING MED FLY HOS STORDFLYET

Fleksibilitet er eit av våre varemerker når du skal reisa med fly frå Oslo til Stord. Det er derfor lett å ombooke eller kansellere din billett om møtet, middagen eller familiebesøket strekk ut. Det tyder og at det ikkje er noko grunn til stress og uro når du og din familie flyr til Stord frå Oslo.

Endringar skjer via vårt online bookingsystem.